Aktivitetar i avdelinga

Medlemsmøte / prøvar / kurs 2013

Trimmekurs i Gaupne - heile året
Ansvar/Instruktør: Inger Handegård

Maks 4 personar og maks to hundar.
Du kan melde di interesse fortløpande ved å ringe Inger på tlf 918 35 324 eller ved å sende mail til
kennel@desperado.no
Pris er kr. 200 pr time uansett om du er einaste deltakar eller fleire går saman.

 

 


 

 

 

Jaktkurs spaniel - er under planlegging
Ansvar/Instruktør: Inger Handegård

Kurset vert arrangert når det er snøbart i skogen rundt Gaupne. Dato er enno usikker då det er værgudane som styrer dette. Enno ligg det mykje snø i skogen...

Kurset vil ha fokus på spanielsøket, lydigheiten som ein god spaniel må ha og apport. Kurset er aktuelt for alle som vil jakta småvilt med spanielen sin eller som ynskjer å starta på jaktanleggsprøve eller apportprøve. Den som ikkje har planar om jakt og prøve, men som vil læra meir for å kunne sysselsetja hunden sin i kvardagen gjennom søk etter leiker, gjenstandar osv, vil også ha utbytte av kurset.


Det er snakk om ein kursdag (i helg eller i påsken) og maks fem hundar. Pris pr. deltakar for medlemmer vert kr. 500.-. andre betalar kr. 700.-

Dersom du er interessert i å vera med kan du sende ein uforpliktande mail til Inger Handegård som skal ha kurset. kennel@desperado.no

 

 

 

Prøvar 2013

Jaktanleggsprøve - bevegeleg - 01.05 - 31.08
Påmelding/avtale med dommar minst 1 veke før prøvedato
Stad: Gaupne, med mindre anna stad i fylket er avtalt med dommar
Dommar: Inger Handegård - eventuelt tilreisande dommar ved behov.
Pris: kr. 350 + forbrukt vilt + eventuelle reiseutgifter dommar
OBS: Dersom dommar ikkje har nok vilt til å arrangera prøven, kan den ikkje avhaldast
For å minska mengden brukt vilt, prøver me så langt råd å samla fleire hundar ein og samme prøvedag og å arrangera apportprøve samtidig.


Apportprøve - bevegeleg - 01.05 - 31.08
Påmelding/avtale med dommar minst 1 veke før prøvedato
Stad: Gaupne,  med mindre anna stad i fylket er avtalt med dommar
Dommar: Inger Handegård - eventuelt tilreisande dommar ved behov.
Pris: Begynnarklasse: 150, åpen/eliteklasse kr. 200 + forbrukt vilt + eventuelle reiseutgifter dommar
OBS: Dersom dommar ikkje har nok vilt til å arrangera prøven, kan den ikkje avhaldast
For å minska mengden brukt vilt, prøver me så langt råd å samla fleire hundar ein og samme prøvedag og å arrangera jaktanleggsprøve samtidig.


Blodsporprøve - bevegeleg - 01.05 - 31.08

Påmelding/avtale med dommar minst 1 veke før prøvedato
Stad: Der dommarane bur i fylket; for tida Inger Handegård, Gaupne, Andreas Otterhjell, Fortun, Arvid Solheim, Årdal, Torstein Solset, Førde,
Stad må avtalast med dommar
Pris: kr. 350.-  + eventuelle reiseutgifter dommar

Fersksporprøve - bevegeleg - 01.07 - 31.08
Påmelding/avtale med dommar minst 1 veke før prøvedato
Stad: Der dommarane bur i fylket; for tida Inger Handegård, Gaupne, Andreas Otterhjell, Fortun, Arvid Solheim, Årdal, Torstein Solset, Førde,
Stad må avtalast med dommar
Pris: kr. 350.-  + eventuelle reiseutgifter dommar

Blodsporprøve - ordinær - 8. juni 
Stad: Seimsåsen i Årdal
Påmelding til Lar Gunnar Røneid,  Torvald Lægreidsveg 11, 6885 Årdalstangen
E-post: lars.gunnar.roneid@gmail.com
Påmeldingsfrist: 8 . mai
Pris kr. 350.-
Dommar - ikkje sett enno
OBS: Begrensa påmelding. 

Blodsporprøve - ordinær - 14. juli
Stad: Nørstedalsseter i Fortun, Luster
OBS - anleggsveg til prøveområdet
Påmelding til Andreas Otterhjell. Lægene, 6877  Fortun
Påmeldingsfrist 14. juni
Pris kr. 350.-
Dommar ikkje sett enno
OBS - begrensa påmelding
E-post:
syttro@online.no


For øvrige prøvar og utstillingar - sjå NKK si heimeside www.nkk.no


Viktig informasjon før du melder på prøve
Les dette før du sender påmeldinga di!
Alt for mange og stadig fleire sender manglande informasjon når dei melder på prøve. Me viser til regelverket som seier at all påmelding til prøve skal skje på eigne skjema og til innan fristen. Det står også at påmeldingsavgifta skal vera betalt før påmeldingsfristen går ut, men sidan dette berre skapar mykje ekstraarbeid for kasserar når ho må tilbakebetala til dei som eventuelt ikkje kjem med ein prøve med stor påmelding, vil me helst at de ikkje betalar FØR de har fått bekrefta at de har fått plass på prøven. Dette gjeld fyrst og fremst ordinære blodsporprøvar der me ofte lyt lodde vekk folk.

Fyll ut påmeldingsskjema for prøve når du melder på - skjema finn du her
Påmelding via telefon, SMS, facebook, mail med manglande opplysningar osv vert IKKJE sett på som god nok påmelding.
Mangelfull påmelding betyr at du ikkje vert med i trekkinga dersom for mange er påmeldt ein prøve.
Ved ordinær prøve kan du sende skjemaet i posten eller du kan sende skejmaet på mail.
Ved bevegeleg prøve kan du gjera det samme, men her kan du også avtala tid og stad med dommar og så levere påmeldingsskjemaet direkte til dommaren.

Mailadresse ved påmelding til prøve der anna ikkje er oppgitt er: spaniel.sogn-fjordane@klubb.nkk.no 
Hugs å skriva tydeleg både i mailen og på skjemaet KVA prøve du melder på og NÅR prøven er.
Dersom du ikkje får bekrefta at mailen er mottatt, bør du sjekke at den har komme fram.

Adresse ved alle innbetalingar til avdelingen:
NSK avd. S. og Fj. v/ Vigdis Vigdal, Barsnes, 6856 Sogndal

Kontonummer til avdelinga er : 3785.60.25692

 

Andre større spanielarrangement, utstillingar og prøvar 2013

Utstilling for spaniels i Førde 27-28 april

 

 

 

 

Fleire lydigheits og agilitykonkurransar og mange ordinære og bevegelege blodsporprøvar - sjå www.nkk.no

NM-blodspor 17. august 2013
Vert arrangert i august i Trøndelag.

   
 
 
 

 

Copyright © 2008 Norsk Spaniel Klub - Alle rettigheter forbeholdes - Vilkår for bruk - Kontakt webmaster