Historien til NSK avdeling Sogn og Fjordane

Åra 1985 - 2005

OBS - bildetekstane til bildene er enno ikkje komplette.
For å få bilda meir historisk verdifulle prøver me å oppdatere med alle manglande opplysningar, litt etter litt.

Fyrste distriktskontakt i 1985
1. april 1985 flytta Inger Handegård til Sogn og Fjordane og vart distriktskontakt i fylket. Det var då 8 medlemmer i fylket.
Inger gjekk då i gang med å snuse opp fleire spanieleigarar og oppmuntra desse til å verta medlem i klubben.
Frå og med Våre Spaniels nr. 3-85 hadde fylket eiga medlemsspalte i bladet.

Det vart forsøkt å lage til litt spanielaktivitetar, då i samarbeid med eksisterande klubbar i området. September 1985 arrangerte Sogndal og Omegn hundeklubb bronsemerkeprøve og uoffisiell utstilling. Spanielfolket vart oppmuntra til å delta. Tre spaniels klarte bronsemerket. Utstillinga vart dømt av Inger. Heile 74 hundar var påmeldt utstillinga, av desse 4 springere og 5 cockere. BIR springer vart Tinka til Rasmus Sunde, Balestrand og BIR cocker vart Crawford Well Beloved Star til Randi Brekkhus, Voss.

Det var ingen offisielle utstillingar open for spaniels i fylket, så hausten 1986 vart det arrangert ny uoffisiell utstilling i Sogndal. Denne gongen dømmer Inger appellmerkeprøven og Laila Dysjeland dømmer utstillinga. Berre to springere og to cockere stilte. BIR-springer vart NUCH NVCH Revirets Sunday Morning Haze til Inger og BIR cocker vart Tarkas Charming Prince (eigar ?).

Spaniels kunne stillast ut i fylket for fyrste gong i 1987
Mai 1987 seier NSK ja til at spaniels for fyrste gong får vera med på offisiell utstilling i fylket.  Arrangørar er Sogn og Fjordane JFF og Førde Brukshundklubb. Tor Edmund fekk heile 11 springere, 2 welsher, 5 cockere og 2 amerikanere til bedømming. BIR springer vart NUCH Brigadoon SC Toreador til Wenche og Svein Søreide, Bergen. Han vert like godt BIS-2 og BIS-jakthund.

Ved utgangen av 1988 er interessa for spaniels framleis liten i fylket og det er berre 9 medlemmer. I 1989 dømmer Rolf Solheim den offisielle utstillinga til JFF og BIS vert Whishborne Which Witch til Sigrid Wold, Oslo.

Distriktskontakten i spanielklubben stod bak fyrste viltsporprøven i fylket
I 1989 vert det for fyrste gong arrangert viltsporprøve i fylket. Dommar er Anne Igsi, prøven vert arrangert i regi av JFF  og pådrivar er Inger.

Krav om godkjent ettersøkshund
Lite skjer på spanielfronten i fylket før det kjem nytt krav om godkjent ettersøkshund i 1991. Kravet skal tre i kraft frå 1994, men no våknar jegrane som til no ikkje har hatt tradisjon for å bruka hund på hjortejakt. På viltsporprøve arrangert i Førde dette året er det påmeldt heile 50 hundar! Interessa for hund er generelt stor, og då Inger annonserer dressurkurs i regi av Luster hundeklubb er det heile 34 som melder seg på! Dette samarbeidet med Luster hundeklubb er starten på eit langvarig og godt samarbeid.

Jaktanleggsprøven i Luster i 1993. Frå venstre: Arild Gjervik med NSVCH Desperados Hero, Inger Handegård med NUCH NVCH Desperados Freska, Arthur Taule (Hordaland) med Stormbird's The Observer, Else Grindheim (Hordaland) med Lajban's Ordeal By Innocence. Bak dommar Ellen Getz Wold.

Fyrste jaktanleggsprøve og apportprøve i 1993
Hausten 1993 står Luster hundeklubb som arrangør av den fyrste jaktanleggsprøven og apportprøven for spaniels i fylket. Sidan det enno ikkje er skipa avdeling, kan ikkje spanielklubben sjølv stå som arrangør. Same helga prøver Inger å få til den første fylkessamlinga for spanieleigar i fylket, men berre fire melder seg som interessert. Heile 10 hundar melder seg på apportprøven (8 godkjent) og 8 på jaktanleggsprøven (4 godkjent). Dei fleste kjem frå nabofylket Hordaland. Dommar er Ellen Getz Woll. 

Det vert arrangert stadig fleire viltsporprøvar og fersksporprøvar rundt om i fylket og spaniels dominerer ofte prøvane både i antal og resultat. Ein stor prosent av dei godkjende ettersøkshundane i fylket er også spaniels. Første amerikanar i Norge godkjent som ettersøkshund kjem frå dette fylket, det er er Carillo All Gold til Kåre Tyssekvam. Inger fører fram den fyrste spanielen med tittelen NUCH NVCH. Hunden er Revirets Sunday Morning Haze.

Jaktanleggsprøven i Luster i 1994. Frå venstre: Inger Handegård med NVCH Desperados Hedda, Eva Rasch Arnesen med NVCH NACH Tailwind's Classic Chouce, Torill Otterhjell med NVCH Desperados Iza og Arild Gjervik med NUCH NVCH Kahill's Early Spider Orchid. Bak dommer Per Løkken.

Forsøk på å arrangere spanielhelg
I 1994 vert det på nytt forsøkt å arrangere ei spanielhelg. Interessa er middels, men det starta ein på apportprøven (godkjent) og 9 på jaktanleggsprøven 8 godkjent) for dommar Per Løkken. Per dømmer også uoffisiell utstillinga med 3 amerikanere og 9 springere. BIS ble springer Desperadois Getzie til Arne Sunnarvik og Helga Johanne Berge.

Mange konkurrerer på på spor. 12 spaniels er godkjent som ettersøkshund (10 springere, 1 cocker og 1 amerikaner) Cockeren er Blue Betty Boop til Thor Viggo Eldevik. Premie til beste spaniel busett i Sogn og Fjordane vert sett opp for første gang. Kravet om ettersøkshund har gitt spaniels vind i segla og ved utgangen av 1994 er medlemstalet 34 + 8 familemedlemmer.

Informasjonsmøte om spaniel på Skei
I 1995 arrangerer Inger informasjonsmøte om spaniels på Skei. Heile 30 personar møtte.

Frå venstre: Harry Kvalvik med Desperados Juno, ... med Desperados Janka, Anja Bolstad held Desperados Jivaro, ... Juvik med Desperados Jaro, Einar Ese med Ingribakken's Alexander Fili-Bom-Bom.

Sommaren 1995 er det eit stort kvelpekurs/helgesamling for spanieleigarer i fylket. Det møtte 7 med springer, to med cocker og ein labrador fekk også vera med sidan eigar var med på å halda kurset.

Avdelinga har oppstartsmøte og får interimstyre i 1996
Talet medlemmer stig og i 1996 er medlemstalet 45 + 4. Dette året vert den eineste offisielle utstillingen i fylket blir avlyst. Mange er skuffa, og dette blir et spark bak for å gå i gang med å skipe avdeling. Det vert kalla inn til oppstartsmøte og danna eit interimstyre.

1996: Fra venstre: Gunvor Harang (Trøndelag) med NVCH Desperados Herlige Maja, Inger Handegård med NUCH NVCH Desperados Jivaro, Neil McLean med NVCH Desperados Inka, ? Juvik med Desperados Jaro, Frank Vidar Kvelland med Aico, Monica Holthe ((Trøndelag) med NVCH Ingribakkens Blondie og Hilde Kolstad (Trøndelag) med ?

Wenche Dyreng kjem på besøk og held jaktkurs. Om hausten vart det arrangert spanielhelg. Ellen dømmer 10 starter på apportprøve (9 godkjent) og 7 hundar på anleggsprøve (alle godkjent). Interessen for bruk av spaniels på jakt er stor jaktprøver er stor og hele 5 hundar frå fylket startar på jaktprøve dette året.

Avdelinga vert formelt skipa på det første ordinære årsmøtet i 1997
Inger Handegård vert leiar medan resten av styret er Arild Gjervik,  Eva U. Maclean, Nina Sandsal Rygg og Thor Viggo Eldevik. Vara er Trude Tangenes Os og Ragnar Hagen. På dette møtet er det heile 28 av totalt knappe 60 medlemmer som møter.

Foto: Det første styret: Frå venstre Ragnar Hagen, Eva U. McLean, Arild Gjervik, Inger Handegård, Trude Tangenes Os, Thor Viggo Eldevik og Nina Sandal

Spesialutstilling for spaniels for fyrste gong
I 1997 arrangerer avdelinga den fyrste spesialutstillinga for spaniels i fylket, nærare bestemt i Gaupne. Håpet var 30 påmeldte hundar - det vert 60 vaksne og 6 kvelpar for dommer Tore Edmund. BIS vert amerikaner Collcock's Killer Bee til Wenche Hanger. Nesten 50% av medlemmene i klubben stiller hunden sin på denne utsillinga!

1997. Frå venstre: Steinar Moen med Desperados Lizzie Lafayette, Jane Nybø med Urja's Ada-Mia, Harry Kvalvik med NVCH Desperados Juno, Torill Otterhjell med NVCG Desperados Iza, Inger Handegård med NUCH NVCH Desperados Jivaro, Gry Stenvold med NSVCH NMB 99 03 Desperados Lord Lafayette, Torstein Solset med NSVCH Zelini's Easy Rider og ? med ?.

Jaktanleggsprøven vert eit årleg foretak og i 1997 dømmer Per Løkken. 6 av 8 står jaktanleggsprøve og på apportprøven er det 4 av 5 som står.
Interessa for spanielaktivitetar og kurs er stor og 25% av medlemsmassen er med på ulike kurs som avdelinga har.


1998: Frå venstre: Frank Vidar Kvelland med Lagopus Mutus Bettina og Aico, Torstein Solseth med NSVCH Zelini's Easy Rider og Bodil Otterhjell med NVCH Desperados Iza. Bak dommaraspirant Arild Gjervik og dommar Inger Handegård

I 1998 er det 29+3 som møter på årsmøtet. Medlemstalet er no 66 + 8 familiemedlemmer. Dette året skal spesialutstillinga arrangerast i Stryn. Her skal retrieverklubben ha utstilling same helg, og me skal dele på utgiftene til dommar. Så langt alt vel! Marerittet startar med at dommaren melder fråfall kort tid før utstillinga. Retrieverklubben har 137 påmeldte retrievere, men vel å avlyse arrangementet. For på toppen av det heile er det transportstreik. Avlyse er det siste me vil, så me står på hovudet for å skaffa ny dommar. Det er ikkje lett. For å få det til, må me flytte utstillinga frå laurdag til søndag, noko NKK velsignar.

Svein Helgesen stiller sporty opp og skal køyrast til ein av dei få ekspressbussrutene som framleis går. Men det er berre det at Svein vert sett av på feil stad. Ekspressbussen er ikkje innom der han står? Gode råd er dyre! Terje Løken står midt oppi ei hundetrening, men kastar det han har i hendene og køyrer Svein vestover. Jens og Monica Holthe kjem frå Trøndelag og skal på utstillinga. Dei møter Terje underveg og tek med seg Svein vidare. Midt på natta er dei framme, men Svein er like blid mot utstillarane og grundig i ringen der han dømmer 24 vaksne hundar og 3 kvelpar. Dersom avdelinga hadde nokon heidersplankett å gi Svein, skulle me så gjerne ha gitt han det! BIS vert NUCH NVCH Desperados Musca til Inger. Som ein kuriositet er heile 13 av dei 24 hundane denne dagen, brukspremiert.

Sporinteressa var og er framleis stor blandt fleire av medlemmene. Her er nokon frå den "harde" kjerne...Frå venstre: Harry Kvalvik med NVCH Desperados Juno, Arild Gjervil med NSVCH Desperados Hero og NUCH NVCH Kahill's Early Spider Orchid, Inger Handegård med NUCH NVCH Desperados Jivaro og Andreas Otterhjell med NVCH Desperados Iza.

I 1999 arrangerer avdelinga for første gong bevegeleg blodsporprøve og bevegeleg jaktanleggsprøve. Avdelinga får også eiga heimeside på internett. Spesialutstillinga dette året er i Stryn og Henry Hammarlund dømmer 29 vaksne og 6 kvelpar. BIS vert cocker NUCH Charbonel Pocket Money til Lilly Ann Birkeland. Dette året får også avdelinga ny jaktanleggsprøvedommer; Arild Gjervik

Foto: Kaldt og surt på Sognefjellet! Frå venstre Wenche Dyreng, Torill Otterhkell, Andreas Otterhjell og Jan Stansby.
Hunden er NVCH Desperados Iza

Nytt i 1999 er at avdelinga arrangerer jaktprøve på Sognefjellet
Dommar er Inger og Wenche Dyreng og Jan Stensby er skyttere. Dei fire startande hundane, førarar, dommar og skyttarar får to sure dagar i fjellet. Det snør blaut snø vannrett og alle er blaute til skinnet. Den einaste rypa som vert observert denne helga er det vorstehen til Wenche som finn...



Årsmøtet 2000 er på Byrkjelo i ridehallen til fjordhestsenteret. Heile 50 personar møter med stort og smått. Det er uoffesiell utstilling med 33 hundar. Barbro Myrseth Gjerde dømmer og BIS vert Desperados Musca til Inger. BIS-2 vart amerikaner til Nina Sandal.

På den offesielle utstillinga i Gaupne same år dømmer Christen Lang 22 vaksne og 7 kvelpar. BIS vert NUCH Nimblewhit Midnight Affair til Per og Karin Løkken

NM blodspor i 2000 og avdelinga får NM-vinnaren
Dette året er det NM blodspor i fylket, nærare bestemt på Nordfjordeid. Inger er ein av dommarane, men ho dømmer ikkje NVCH NMB-00 Desperados Nigella til Steinar Ytreland som vert NM-vinnar. Årets jaktprøve vert flytta til Seljeset som er jaktområdet som Inger disponerer. 3 hundar startar for Inger. Alle får kontakt med ryper og 2 vert premiert.

Årsmøtet 2001 er nok ein gong på Byrkjelo - denne gong med aktivitetsløype. 38 tobeinte over 20 firbeinte deltek. Avdelinga arrangerer jaktkurs med Wenche Dyreng som instruktør. Avdelinga tek på seg å vera brukskomiteen til NSK sentralt.
Sidan Svein stilte så sporty opp som dommar på ein tidlegare utstilling, vert han denne gongen invitert som dommar og reiser forhåpentlegvis betrakteleg meir behageleg! 30 vaksne hundar er påmeldt, ingen kvelpar. BIS vert cocker Solemar' s Go for Gold til Solfrid von Wachenfeldt.

Foto: Få deltakarar men ei fantastisk flott jaktprøvehelg i fjella over Gaupne.
Frå venstre Inger Handegård, Roar Sandtveit (Oslo) og dommar Bert Johansson (Sverige). Hundane er NVCH Desperados Nikita og NUCH NVCH Desperados Jivaro (2 AK på denne prøven)

Årets jaktprøve vert dømt av svenske Bert Johansson, som likevel er i fylket akkurat på den tida. 5 hundar er påmeldt med totalt 10 startar - men i siste liten melder 3 hundar meldte fråfall og tilbake står ein med berre 2 hundar og totalt fire starter. Tilgangen til rype er god og ein hund vert premiert.

2002 årsmøtet vert arrangert i Gaupne
med fôring og stell av hund som tema. Veterinær Gunnar Hofslundsengen får 30 tilhøyrarar - 20 av desse frå spanielklubben. Dette året vert det vedtatt å redusere styret frå 5 til 3 personar.
Spesialutstillinga dette året vert dømt av Henrik Frycktstrand som får 32 vaksne + 4 kvelpar å bedømme. BIS vert NUCH NVCH Desperados Odessa til Inger.

Aktivitetsdag i Florø med 40 deltakarar!
Det vert skipa aktivitetsdag i Florø med Sølvi Gran i spissen. Heile 40 personar møter. Jaktprøven dette året vert dømt av Inger. Berre 3 er påmeldt, men då det er dobbelprøve vert det  6 startar. Alle er tilreisande. Også dette året kjem alle i rype - men søkstida er som vanleg lang.

Årsmøtet 2003 er i Førde - 14 møtte.
Dette året vert det for fyrste gong arrangert sporprøve i Askvoll med Lene Gjelsvik og Inger Berit Haugen som pådrivarar. Dette vert ein årleg tradisjon. Jaktprøven må avlysast då ingen er påmeldt. Det er heller ingen påmeldt på apportprøven, så også denne vert avlyst.

Sporprøven i Askvoll 23 + 24 august 2003
Prøven var ein suksess! 12 startar første dagen og 10 andre dagen.

Sporprøven i Luster 1. juni 2003
Dommarar: Helge Alme og Andreas Otterhjell. Ein vellukka prøve med 12 startande hundar - av dei 8 springere - i strålande sommarvær. Det vart utdelt 6 x 1. premie - alle til engelsk springer spaniel. I tillegg fekk den debuterande springeren 3. premie. Prøvens beste hund med HP NUCH NVCH Desperados Odessa med førar Inger Handegård.

Sporkurs i Florø 2003
I Florø gikk Martin Gjøringbø og Steinar Ytreland i spissen for å arrangere blodsporkurs. Det ble fire deltagende hunder, tre springere og en blandingshund. 5 - 6 andre hadde ønske om å delta på kurset, men disse var dessverre på brukshundkurs samme helg. Det er derfor sånn 'halveis lovet' at vi lager et nytt kurs senere for disse hundene. I tillegg vil det bli oppfølging av de hundene som deltok i slutten av august etter at de har trenet frem til da. Kurset ble gjennomført i et flott vær og det var meget sosialt med kaffe, vafler og generell hundeprat. Tilbakemeldingen fra kursdeltagere er gode. Instruktørene Martin og Steinar sitter igjen med et positivt inntrykk og vil gjennomføre flere kurs etter samme lest senere. Vi i styret takker for et fint tiltak!

Spanielsamling i april 2003 på Hareide utanfor Ålesund
2 lokale hundar møtte fram og det vart trena litt på spor og lydigheit + litt pelsstell. Som vanleg gjekk tida så alt for fort i eit fantastisk påskevær!

Gåvepremie frå NSK avd Sogn og Fjordane
til beste jaktpremierte/sporpremierte spaniel på utstillinga på Nordfjordeid 29 mars 2003 gjekk til NUCH NVCH Zelini's Roxette som også vart BIR-springer og BIG-3. 6 spaniels deltok i konkurransen om denne gåvepremien. Totalt var det påmeldt 9 springere, 2 amerikanere og 1 springer kvelp.

Nye utstillingschampions
NUCH NVCH Zelini's Roxette til Torstein og Ellen Solset fekk siste certet i Bergen 23.03.03
NUCH NVCH Desperados Odessa til Sjur Haugen og Inger Handegård fekk siste certet i Kristiansand 10.05.03

Dårleg vær fører til berre 3 frammøtte på årsmøtet i 2004
Til årsmøtet i 2004 møter berre 3 personar. Etter nytt regelverk må årsmøtet haldast nokså tidleg på året og dårleg vær og dårlege vegar skremmer nok mange frå å reise.

Avdelinga arrangerer brukshundprøve i Askvoll
Dette året arrangerer spanielklubben for fyrste gong brukshundprøve. Staden er Askvoll og dommar er Erling Aarbak. Av 5 startande hundar er 4 spaniels. Tidlegare på året har Inger helde kurs her.
Denne brukshundprøven er den fyrste prøven nokon gong arrangert av Norsk Spaniel Klub på landsbasis og er også den fyrste brukshundkonkurranse som er arrangert i Sogn og Fjordane. 

Frå venstre: Første hund og førar har me dessverre ikkje navnet på, då denne starta utanfor konkurranse i klasse D. Øvrige hundar med unntak av ein starta også i D-spor. Frå venstre Inger Handegård med NUCH NVCH Desperados Odessa 233 p, nr. 4 og opprykk og NVCH Desperados Qandis 470 p, nr. 1 og godkjent i C. Evie Kvisberglien med Deb's Seabreeze 208 p, nr 5 og godkjent, Inger Berit Haugen med Collcock's Serratia (amerikaner) 241 p, nr. 2 og opprykk. Anne Mette Gundersen med Zenangas Pernille (golden) 288 p, nr. 1 og opprykk.Lene Gjelsvik med NVCH Streamside's Nobleman 235 p, nr. 3 og opprykk. Bak dommar Erling Aarbakk.

Blodsporprøven samme år i Luster var ein suksess. Om hausten er det familiehelg i Luster Ellen Getz Wold dømmer 9 på jaktanleggsprøve ( 8 godkjent), fleire på apportprøve og Andreas Otterhjell dømmer fleire på spor. Totalt er det 15 hundar i aktivitet. Om kvelden er det middag på Vassbakken kro.

Brukshundprøven må avlystast
2005 årsmøtet er på Skei. 14 møtte. Brukshundprøven dette året må avlysast då det er ingen påmeldt

Blodsporprøve i Askvoll 23 april 2005
Dommar Arvid Solheim har gitt tilbakemelding om ein heilt topp tur til Askvoll. Været var flott og resultata bedre enn tidlegare år. 6 hundar starta på den ordinære prøven + ein utanfor konkurranse. Det vart utdelt 1 x 1. premie, 1 x 2. premie og hunden utanfor konkurranse vart godkjent. Prøvens beste hund vart NSVCH Zelini Easy Rider til Torstein Solset. 2. premien gjekk til ein jämthund. Dei øvrige fire fekk 0. Bildet viser nokre av deltakarane, Torstein og Zaimie i midten og dommaren bak. Totalt startet tre springere.

Brukshundkurset i Luster 15-17 april 2005
Kurset vart ein suksess!!! Det var med heile 8 springere frå Luster, Leikanger, Valdres, Vassenden og Bergen. I tillegg var det med 5 andre hundar. Bildene viser dei to yngste springerene som var med, Elin Anita Gjerde med Tingeling og Eva Kvammen med søstra Titicaca (Tica).

   
 
 
 

 

Copyright © 2008 Norsk Spaniel Klub - Alle rettigheter forbeholdes - Vilkår for bruk - Kontakt webmaster