|
Historikk 2010-2006

Medlemsutvikling frå 1985 til 2010 - mørk lilla er familiemdlemmer.
Aktivitet i avdelinga i 2010
Oversikt over bevegelege prøvar i 2010 Blodspor - 14 ordinære startar + to på godkjenningsprøve (4 spaniels) Ferspor - 6 ordinære startar + to på godkjenningsprøve (1 spaniel) Jaktanlegg - 1 start Apportprøve - 0 Alle spanielane var av rasen engelsk springer spaniel.
Springeren Mira hjå "fotografen" Asbjørg Rebni i Gaupne og springeren Mira vant fotografering på årsmøtet i februar. Dette er nokre av dei beste bileta som vart resultatet. Også på årsmøtet i 2011 set Inger Handegård opp denne gåva til den tradisjonelle utloddinga. Asbjørg har fått ein CD med mange bilete på.

Om vinteren er det er lurt å bruke litt ekstra tid på pelsstellet Då heng det mykje mindre snø i hunden sin pels og potar. Her er det cockeren Molly som har vore hjå frisøren.

Minispanielsamling i Vik i Sogn Avdelinga har i dag berre to medlemmer i Vik i Sogn - men begge hadde lyst å møta leiaren då ho var i Vik i samband med anna ærend der. Dessverre var det berre ein familie som møtte opp, men me fekk oss ein hyggeleg kaffikopp på kafeen til Meieriet. Hunden er ein springer, og her - som dei andre stadene eg har vore i sommar - er det største behovet hjelp til generell lydigheitstrening og eventuelt tips om pelsstell og fôring. Og interessa for spor, sporprøvar og ettersøkshund er stor, då far i huset er hjortejegar.
Så då håpar me å sjå fleire av klubben sine medlemmer på sporprøve til neste år og på årsmøte og samlingar. Dørstokkmila er ofte den lengste, og det å alltid trene åleine er ofte ikkje det luraste.

To springere blant dei tre beste på blodsporprøven i Fortun Prøvens beste hund med HP vart NVCH Desperados Titicaca med fører Jeanett Kvammen (til høgre på bildet). Nr. 3 med 1. pr. NSVCH Desperados Tingeling til Elin Anita Gjerde. To medlemmer av avdelinga vår stod bak heile arrangementet, Torill og Andreas Otterhjell. STOR takk til dei!
Blodsporprøve i Førde 22. august - to springere øverst på pallen! 6 springere starta på denne prøven som haddde 20 startande hundar. Prøvens beste hund med HP NUCH Bobwhite Cream No Sugar til Else Grindheim. Nr. 2 med HP. NUCH NVCH Stardum Summer Shoes til Bente Andresen.
1. premie til NSVCH Desperados Tingeling til Elin Anita Gjerde NUCH Bobwhite Acid Jazz til Else Grindheim Westaway Lesley Waters til Britt Halbrend Den siste springeren fekk ein 2. premie da han dessverre gjekk forbi sporslutt. Knall resultat på en prøve med gamle og våte spor!

12 hundar starta på sporprøven i Askvoll 21 august Prøven ble holdt i Gjerdedalen i Stongfjorden. Et fantastisk område, typisk vestlandsterreng. Mye kratt, kupert terreng og mye hjort. Været var bra, lettere overskyet, litt regn og super temperatur. Tolv hunder var påmeldte, alle møtte. Dommerene var Andreas Otterhjell og Erik Svendsen. Av hundene som var påmeldt fikk en Basset Hound 1. med hp, og ble prøvevinner, eier Åse Brevik. En Bayersk viltsporhundfikk 1. pr, og ble nr.2, eier Kjell Kristian Carlsen. Nr 3 var en Langhåret dachshund med 1.pr, eier Åge Guddal. Torstein Solset med Zelini's Diamond Hunter fikk 1. pr, og ble nr 4. Nr 5 med 1.pr var en Strihåret Dachs, eier Inger- Berit og Fredrik Haugen. Vi hadde 2. andre premier, en 3. premie og fire som nullet. Som arrangør for prøven er jeg godt fornøyd med området, været, deltakerne, sporleggerne og ikke minst to supre dommere. Vi har hatt en trivelig dag, med god mat, kake, brus og kaffe kokt på bål. Praten gikk livlig hele dagen om spor,hund, prøver, jakt etc.,i området rundt gapahuken.

3 spaniels blant dei 5 beste på sporprøve i Sandane 21. august 19. startende hundar (6 springere). Berre fem fikk 1. premie og to av disse HP. Då er det godt jobba å ha 3 springere blant dei 5 beste! Vant gjorde en bayersk viltsporhund. 1. premie m HP og nr. 2 totalt ble NSVCH Desperados Tingeling til Elin Anita gjerde. Nr. 3 med 1. premie NVCH NUCH Stardom Summer Shoes til Bente Andresen. Ein solid 1. premie også til NVCH Desperados X-file til Håvard Heimtun. Dei tre øvrige springerane fikk 2. premie.

Til venstre Eva Kvammen med Tica, Einar Ese og til høgre Inger Handegård med Chelly
Tre springere frå avdelinga med 1. premie på NM blodspor 2010! NORD VCH Desperados Rochelle og Inger Handegård gjorde det best då ho fekk 1. premie med HP i den innleiande runden etter eit bort i mot perfekt spor og dei vart plukka ut til finale. I finalen vart Chelly og Inger nr. 4. NVCH Desperados Titicaca ført av Gunnar Kvammen sleit litt med elgtrakk men fekk ein god 1. premie. NVCH Astrospring's Io og til einar Ese hadde først ei orrhøne så ei rugde på sitt spor. Io gjekk då litt vekk frå sporet sitt, men frå 1. vinkel til sporslutt gjekk ho utmerka. Ein god 1. premie også på henne. Avdelinga gjorde det dermed svært godt på dette NM-et.

Ein spaniel frå fylket har starta på bevegeleg jaktanleggsprøve Det er springeren Desperados Aya til Inger Handegård. Sidan Inger er den einaste dommaren i fylket, vart ho dømt av ferierande Ellen Getz Wold.
 Ny viltsporchampion: NVCH Desperados X-file - til dagleg Luna - som er eigd og trent av unge Håvar Heimtun, Svelgen. Ekstra stor honnør til Håvard som både trener, fører, går ettersøk og stiller ut Luna sjølv. Godt jobba!

Tre spaniels på toppen på blodsporprøven i Luster 30. juni-1.juli Det var 11 startande hundar - av desse heile 8 springere. Det var 5 x 1. premie - to av desse med HP, 3 x 3. premie og 3 x 0. Frå venstre prøvens beste hund Jeanette Kvammen, Vassenden med NVCH Desperados Titicaca. Til høgre dagens beste hund med 1. premie Elin anita gjerde, Leikanger med NSVCH Desperados Tingeling. Einar Ese med NVCH Astrosprings Io vart prøvens andre beste hund med HP.

Sjå - eg har vore på pelsstellkurs Denne kjekke hunden kom på besøk frå Sandane. Øverst er det FØR bilete. Under og til høgre er det etter-bilete. Det er enno att rikeleg med pels som skal av, men dette vert betre etter kvart. Att er det ei stor bøtte full av hår...

Eg har også vore på pelsstellkurs Denne vakre frøkna kom på besøk frå Årdal. Øverst er det FØR bilete. Under og til høgre er det etter-bilete. Det var rikeleg med mjuk, lys, laus "nappe-pels" på sidene som no er vekke.

Frå uformelle samlinga i Årdal 17. juni Alle medlemmer busett i Årdal og Lærdal vart kontakta, men møtte gjorde berre tre medlemmer frå Årdal, ei i frå Høyanger/Bergen pluss leiaren. Bente og Nils Solheim stile hagen sin til disposisjon og Benta hadde steikt dei gode lappane. Det vart prata om litt forskjellig og me såg litt på pelsstell. Men det viktigaste var å møta kvarandre og verta kjende.

Hundane hadde det kjempekjekt og yngstemann, Linus, fekk etter kvart tunge lang som eit slips...

Ny viltsporchampion NVCH Desperados Veni-Vidi-Vici - viltsporchampion nr. 50 frå kennel Desperado Helge Growe gjekk bevegeleg blodsporprøve med Bodil Otterhjell og resultatet vart ein 1. premie og eit championat. Me gratulerer!

Avdelinga si blodsporprøve i Luster 5. juni Det vart 10 x 1. premie - fire av desse med HP, 3 x 2. premie og 1 x 0. Frå venstre på delt 2. plass Arvid Solheim med NSVCH Sisustar Compromise, Søren Ørbeck-Mo med prøvens beste hund NVCH Merjano's Barbie Girl, Inger Handegård på delt 2. plass med NORD VCH Desperados Rochelle og på fjerde plass Einar Ese med NVCH Astrosprings Io. Det vart HP på alle fire.
1. premie også til: nr. 5: Zelini's Diamond Hunter (springer) til Torstein Solset nr. 6: Janes Joplin (springer) til Ernst Inge Brugrand nr. 7: NVCH Doggygarden's She is the Supergirl (amerikaner) til Ernst Inge Brugrand nr. 8: Narjana's Filosophia (labrador) til Eva Røneid nr. 9: NVCH Freetain's Mcindy Bozina (springer) til Ernst Inge Brugrand nr. 10: Desperados Xavier (springer) til Anita Helgesen
3 hundar gjekk til 2. premie - ein kom ikkje til sporslutt denne dagen. Dei to trønderske dommarane Helge Growe og Marvin Røstadli skrytte over svært god kvalitet på alle hundane. Dømte gjorde også Andreas Otterhjell. Stor takk til dommarane og ikkje minst alle sporleggarane.
Her kan du lese meir og sjå fleire bilder frå blodsporprøven.

Dobbel blodsporprøve på Nordfjordeid 29 og 30 mai Lørdag vart springer NVCH Desperados Titicaca ført av Raymond Kvammen nr. 3. Søndag var det tre springere på pallen. Frå venstre nr. 3 Bente Andresen med NUCH NVCH Stardom Summer Shoes, i midten vinner 16 år gamle Håvard Heimtun med Desperados X-file og til høgre nr. 2 Einar Ese med NVCH Astrosprings Io. Det vart HP på i all fall dei to fyrste plassane - me er usikre på nr. 3. Foto: Anita Heimtun

Blodsporkurset i Årdal mai 2010 Arvid Solheim har drege kurset i gang og er instruktør. Her er dei fire som møtte på fYrste samling med hund. Frå venstre: Jan Frode Hovland med korthåra dachs, Torfinn Grøttebø med wachtelhund, Anna Nyberg med amerikansk cocker og Lars Gunnar Røneid med springer. Me håpar å sjå desse ekvipasjane igjen på prøvar og som godkjent ettersøkshund - eller at dei nyttar kunnskapen til å sysselsetja hunden i kvardagen. Kurset er no avslutta - men Arvid oppfordrar alle til å trena hundane sine og prøver å få til ei samling og kanskje sporprøve på ettersommaren.

Over: Inger Handegård med Desperados Xmilla, Desperados Vezla og Desperados Rochelle. Laila Røneid med Desperados Wells Fargo. Dei to andre spanielane i LP-ringen som ikkje kom med på detet bildet var Martin gjøringbø med NVCH Kahill's Bright and Beautiful og Britt Halbrend med Westaways Lesley Waters.
Utstillinga i Naustdal 25. april Dette er den einaste utstillinga for spaniels som me har innafor avdelinga. STOR gratulasjon til Wenche Søreide, Bergen som vart BIS med springer NORD UCH Nimblewhit Winter Affair.
I lydigheitsringen starta totalt 15 hundar og heile 6 av desse var spaniels (springere)! Dette må vera bort i mot rekord på landsbasis? Mange sleit med å gå på det våte graset slik at mange hundar gjekk meir spor enn på plass. Det var + 3 grader og duskregn og bakken lukta tydlegvis fantastisk spennande! Eg håper de tre som debuterte i lydigheitsringen denne dagen IKKJE gir opp men jobbar vidare. Alle hadde glimtvis svært gode prestasjonar som viser at de er på rett veg, men fekk det ikkje heilt til denne dagen. Dessuten må de ikkje gløyme at de er MYKJE flinkare enn alle dei som enno ikkje har starta i lydigheit! Eg hadde eit håp om å få samla alle 6 spanielane som starta i lydigheit denne dagen - men det var dessverre ikkje råd å få til.
Klasse I: 12 startande hundar - nr. 2 med 1. premie og 161 poeng Desperados Xmilla til Inger Handegård Klasse II: 2 startande hundar - vinnar med 3. premie og 11 poeng N FIN VCH Desperados Vezla til Inger Handegård Klasse III: 1 startande hund - vinnar med 1. premie og 260 poeng NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård
Ny viltsporchampion: NVCH Merjano`s Barbie Girl (engelsk springer spaniel) til Søren Ørbeck-Moe, Lærdal
Representantskapsmøte i Norsk Spaniel Klub sentralt På Gardemoen 10.-11. april 2010. Frå avdelinga reiste leiar Inger Handegård og Elin Anita Gjerde. Dag ein var RS-saker og leiarmøte. Dag 2 var ope møte om utviklinga til spanielrasane i Norge.

Me var 10 stykker som møtte til eit kort og triveleg årsmøte 2010 Frå venstre: Vigdis Vigdal, Torill Otterhjell, Mona C Nyløy, Elin Anita Gjerde, Laila Røneid, Asbjørg Rebni, Lars Gunnar Røneid, Einar Ese og Arvid Solheim + fotograf Inger Handegård. Møtet var onsdag 17. februar på rådhuset i Gaupne. 9 medlemmer med stemmerett + eit familiemedlem møtte. Inger Handegård er vald som leiar for to nye år. Mona C. Nyløy vant hovudgevinsten. Inger viste bilete frå sporprøve i Finland.

Trimmekurset i januar 2010 var ein suksess Me var 6 stykker som var heime hjå Inger Handegård. Frå venstre Lars Gunnar og Laila Røneid, Mona Nyløy, Linda Aalen, Vigdis Vigdal og Arvid Solheim. Tema var kvardagstrimming og utstillingstrimming av springer. I tillegg vart det også litt sosialt.

Arvid og Lars Gunnar gjekk ivrig i gang med Mille.
Aktivitetar i avdelinga i 2009

Årets mestvinnande 2009 Frå venstre: Årets mestvinnande: NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård, Gaupne Årets debutant: Desperados Wells Fargo til Lars Gunnar og Eva Røneid, Årdalstangen Årets junior: Desperados X-file til Håvard Heimtun, Svelgen
Desperados Xmilla til Inger Handegård leverer anda i handa
Bevegeleg jaktanleggsprøve og apportprøve Ellen Getz Wold var på ferie, men stilte opp som dommar då den einaste som hadde meldt seg på jaktanleggsprøve var Desperados Xmilla til Inger Handegård. Samstundes gjekk Xmilla også apportprøve - og bestod begge deler. Dei to andre hundane som gjekk apportprøve kom frå austlandet.

Til venstre - tre av dei fire beste hundane i Luster. Einar Ese hadde reist før premieutdelinga. Frå venstre Inger Handegård med N FIN VCH Desperados Vezla og NORD VCH Desperados Rochelle og Ernst Inge Brugrand med NVCH Freetains Mcindy Bozina.
Blodsporprøve i Luster 30 mai Dommere: Ivar Vassdokken og Pål Vesterås, begge frå Vågå. 14 hundar starta - berre fire gjekk til 1. premie i år - ein av desse med HP. 4 fikk 2. premie, tre fikk 3. premie og tre gikk til 0. Link til stor billedblogg med mange bilder frå prøven finn du her. Alle som var påmeldt før fristen fekk gå.
Nr. 1 NORD VCH Desperados Rochelle (springer) til Inger Handegård Nr. 2 med 1. premie NVCH Astrospring's Io (springer) til Einar Ese Nr. 3 N FIN VCH Desperados Vezla (springer) til Inger Handegård Nr. 4 NVCH Freetains Mcindy Bozina (springer) til Ernst Inge Brugrand

Dei tre beste hundane i Lærdal med sine respektive førarar. Frå venstre Einar Ese med NVCH Astrosprings Io, Inger Marie Hauglund (Bergen) med NVCH Anazeidee og Elin Anita Gjerde med NSVCH Desperados Tingeling. Bak dommarane Ivar Jonny Sønderol og Knut Jørstad.
Blodsporprøve i Lærdal 2 mai Dette var første prøve arrangert i Lærdal kommune noen gang og arrangører var Norsk Spaniel Klub avd. Sogn og Fjordane med familien Brugrand i spissen. De to dommerne Knut Jørstad og Ivar Jonny Sønderol hadde tatt veien over fjellet fra Valdres for å dømme de 11 hundene som fikk starte. Det var veldig tørt i området og mye hjort, men før sporene skulle gås ble det kjøligere i lufta og det kom noe regn. Hele 7 fikk 1. Premie og den beste av disse fikk også HP. To fikk 2. Premie, en fikk 3. Premie og en gikk til 0 denne gangen. Vi som var arrangørene har fått mange positive tilbakemeldinger på sporprøven, og det er veldig kjekt når vi er helt ferske i "gamet".
1. NVCH Anazeidee (dachs) Inger Marie Haugland 2. NVCH Astrosprings Io (springer) Einar Ese 3. NSVCH Desperados Tingeling (springer)Elin Anita Gjerde 4. NMB-07NSVCH Svegros Tasha (labrador) Anne Katrin Bøyum 5. Merjanos Barbie Girl (springer) Søren Ø. Mo 6. NVCH Freetains Macindy Bozina (springer) Ernst I Brugrand 7. NUCH NVCH Bobwhites Vision O`The Shepherd (springer) Else K. Grindheim

Over vinnarbildet til Monica Brugrand frå Lærdal. Ernst Inge og Cindy har funne hjorten!
Vinnar av fotokonkurransen er kåra 5 fotografar sendte inn til saman 9 bilder. Ellen og Inger har vore dommarar og kvar rangerte tre beste bilde slik at nr. 1 fekk 10 poeng, nr. 2 fekk 7 poeng og nr. 3 fekk 5 poeng. Fire bilder plasserte seg. Vinnaren og nr. 2 var einstemmig og fekk henholdsvis 20 og 14 poeng. To bilde kom på delt 3. plass med 5. poeng.
Aktivitetar i avdelinga i 2008

Mestvinnande i avdelinga i 2008
Årets mestvinnande: NVCH Desperados Titicaca til Gunnar Kvammen Årets juniorar: Håvard Heimtun, Bremanger, med Desperados X-file (Luna) Vegill Rebni Kjer, Luster, med NVCH Mira
Årets debutant 2008: Martin Gjøringbø, Florø med NVCH Kahill's Bright and Beautiful (Mira) (foto manglar)
Medlemsmøte i Luster 14. oktober i samarbeid med Luster hundeklubb. Inger fortalde og viser bilder frå turen til Finland der ho starta på sporprøve samt frå lydigheitskurset ho var med på i Sverige. Oddvin Kveane snakka om mentaltesten for bjørneettersøkshund samt treninga etterpå. Det var ikkje det store oppmøtet...
Framtidig narkhund i Stryn? Mira er en aktiv working springer tispe ankommet Stryn med det overordnede mål om å bli en ny søkshund i politiet i trivselsfylket. Har ikke erfaring med springer før, men dette er faktisk bare gøy. Fantastisk rase og ubeskrivelig sosial.
Hilsen Tor Egedahl

Frå jaktanleggsprøven i 2008. Frå venstre: Bodil Otterhjell med Desperados Veni-VidiVici, Perly Jensen med Astrospring's Kleopatra (Hordaland), Asbjørg Rebni med NVCH Mira, Martin gjøringbø med Kahill's Bright and Beautiful, Søren Ørbeck Mo med Merjano's Barbie Girl og Elin Anita Gjerde med NSVCH Desperados Tingeling. Bak dommar er Inger Handegård og Else Grindheim er dommarelev.
Bevegelege jaktanleggsprøve og minikurset i jakt i Gaupne Datoen var søndag 31 august og arrangementet vart ein suksess. Interessa var så stor at heile 7 hundar/førarar ville verta med. Så tida gjekk så alt for fort! Av dei 7 hundane som møtte opp var det heile 5 som bestod prøven. Til stor glede for dommarelev Else Grindheim. Og ein var svært nær med å stå - men må jobba litt meir med apporten. Her er 6 av dei 7 samla på bildet saman med dommar og dommarelev.
Nye godkjende ettersøkshundar Engelsk springer spaniel Merjano's Barbie Girl til Søren Ørbeck Mo er godkjent med 8 poeng Engelsk springer spaniels NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård, Gaupne 8 poeng Engelsk springer spaniel N FIN VCH Desperados Vezla til Inger Handegård, Gaupne 7 poeng Engelsk springer spaniel SVCH Sisustar Comprimise til Arvid Solheim, Årdal 8 poeng Engelsk springer spaniel Desperados X-file - alias Luna til Håvar Heimdal, Bremanger
Håvard har hatt Luna som 4H oppgave i år. Det er få godkjente ettersøkshundar i Bremanger. Så stor er mangelen på godkjente hundar at kommunen har støtta Håvard økonomisk og betalt alt utstyr, blod og påmeldingsavgifter til prøver. Flott, Bremanger!

NM-blodspor 2008 NVCH Desperados Titicaca nr. 3 og beste spaniel ved NM blodspor 2008. Eigar og førar er Gunnar Kvammen frå Vassenden. Dermed stakk Sogn og Fjordane nok ein gong av med premien til beste spaniel. Det deltok også ein anna hund frå fylket. Det var NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård som fekk ein solid 1. premie.
Nye viltsporchampions: Amerikansk cocker spaniel: NVCH Doggygarden's She is the Supergirl - eigar er Monica og Ernst Inge Brugrand, Lærdal
Engelsk springer spaniel NVCH Desperados Venur - eigar er Torill og Andreas Otterhjell, Luster NORD VCH Desperados Rochelle - eigar er Inger Handegård, Luster N FIN VCH Desperados Vezla - eigar er Inger Handegård, Luster NVCH Mira Førar er 14 år gamle Vegill Kjer, Luster. NVCH Kahill's Bright and Beautiful Eier er Martin Gjøringbø, Florø

Det vart ein ny champion på prøven og den var finskeid men med pappa oppdretta i Sogn...

Øvrige med 1. premie på prøven. Som de ser så var springerne dominerande både i antal startande hundar og på toppen på premielista.
Blodsporprøve 1 juni 19 startande, 10 med 1. premie og av desse 4 med HP. Som vanleg var dette ein dobbel prøve i samarbeid med Luster hundeklubb. For laurdagens prøve - sjå heimesida til Luster hundeklubb www.lusterhk.com.
Pelsstellkurs Ein cocker har nytta seg av tilbodet om pelsstellkurs. Det var ei svært så triveleg cocker frøken som hadde litt mykje å bæra rundt på før påskefeiren
Fotokurset i samarbeid med Luster hundeklubb Lærar Inger Handegård. fleire av dei som er med har spaniels, så no gledar web-master seg til nye bilder på heimesida! 2. kurskveld vert onsdag 2. april.
Medlemsmøte i samarbeid med Luster hundeklubb På det åpne møte tirsdag 11. mars i Gaupne med tema = Trening av hund med bruk av belønning, møtte det nokre som har spaniels Møtet var gratis. Trening med belønning er grunnlaget for alle som har lyst å jobba positivt med hunden sin, uansett om målet er å få ein god jakthund, ein triveleg familiehund, ein rask agilityhund eller ein dyktig lydighetshund. Kurset vert halde i samsvar med NKK sine retningslinjer for instruktørar og på dette møte vil både Inger Handegård (trinn II instruktør) og Mona Nyløy (ferdig med teoridelen som trinn I instruktør) forklare og demonstrere. Dersom du har lyst å vera med på vidare trening innan lydigheit, kvardagsdressur, lære ulike triks osv eller kvelpekurs, melder du di interesse for dette denne kvelden.
Pelsstell "kurs" 4 springere fekk hjelp til pelsstell i helga 1-2 mars. I samband med dommarsamlinga for ettersøksdommarar som var på Skei 1. mars, fekk 4 springere hjelp til stell av pelsen. 2 medlemmer hadde i forkant teke kontakt for å få hjelp til pelsstell, 2 andre som me visste i området, fekk også hjelp.
Aktivitetar i avdelinga i 2007

Årets mestvinnande 2007 Elin Anita Gjerde med NSVCH Desperados Tingeling 3 x 1. premie på spor, 2 x HP, beste spaniel NM-blodspor 07, godkjent jaktanleggsprøve, 2. premie BK apportprøve, 2. premie lydigheit klasse I Nr. 2 Inger Handegård med Desperados Vezla 3 x 1. premie blodspor, 1 x HP, godkjent jaktanleggsprøve, 4 x CK på utstilling, godkjent karaktertest, 3. premie lydigheit klasse I Årets junior 2007 Reidun Kvammen med NVCH Desperados Titicaca 1. premie på spor og 2. premie i utstillingsringen (arkivfoto)
Årets debutant 2007 Leif Magne Aarnes med Ingribakkens Mozart Godkjent ettersøkshund. Deltatt på valpeshow
Oppdrettarkurs i Gaupne på seinvinteren Fleire med spaniels var med og det har komme gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

Bevegeleg jaktanlegssprøve i Gaupne 2 hundar starta og ein vart godkjent for dommar Inger Handegård. Det var NVCH Astrosprings Io til Einar Ese. Me gratulerer!
Bevegeleg jaktanlegssprøve i Stongfjorden 1 hundar starta og vart godkjent for dommar Arild Gjervik, det var Desperados Vezla til Inger Handegård.

Nye ettersøkshundar i fylket i 2007 Desperados Venur (springer) til Andreas Otterhjell (foto over) Ingribakkens Mozart (springer) til Leif Magne Aarnes (foto over) Westaways Lesley Waters (springer) til Britt Halbrend (foto over) NSVCH Desperados Tingeling (springer) til Elin Anita Gjerde. (foto over) Doggygarden She is the Supergirl (amerikaner) til Ernst Inge Brugrand (manglar foto)
Ny viltsporchampion NVCH Desperados Titicaca (Tica) til familien Kvammen, Vassenden

Bevegeleg jaktanlegssprøve og apportprøve i Gaupne 4 hundar starta på anleggsprøve, 1 på apport. Godkjent på jaktanleggsprøven vart frå venstre Lurudalen's Goro og Tikk-A-Ring's Silver Nail med fører Brit Gulhav (til venstre) som kom heile vegen frå Elverum for å starte og Elin Anita Gjerde med NSVCH Desperados Tingeling Tingeling debuterte på apportprøve med ein 2. premie i begynnarklasse. Dommar var Inger Handegård.
Blodsporprøven i Askvoll 18 august 10 hundar starta, berre ein fekk 1. premie. Det var Lene Gjelsvik med NVCH Streamside's Nobleman. Me gratulerer!

NM-blodspor 2007 Me gratulerer NSVCH Desperados Tingeling og Elin Anita Gjerde som vart beste spaniel og nr. 5 totalt på årets NM i blodspor i Bergen Gratulasjon også til Inger-Berit Haugen med NVCH Collcock's Serratia som er fyrste amerikaner nokon godt som har deltatt på NM-blodspor.

Blodsporprøven i Luster 2-3 juni Detet er ein prøvei samarbeid med Luster hundeklubb. Bildet er de tre beste fra spanielklubbens sporprøve. For fullstendig resultatliste, sjå www.lusterhk.com
Minikurs i aktivisering / enkelt feltsøk /søk-apport mandag 2. påskedag Dette kurset vart ein suksess! Sylvelin Andersen var instruktør for ein gjeng med springereigarar og to retrievereigarar.

Her er gjengen samla for fotografering

Vegil viste at Mira hadde lært å rulla rundt.
Aktivitetar i avdelinga i 2006

Spanielhelga i Førde 26-27 august Det starta 10 hundar på blodsporprøve - 6 med 1.pr og 2 med HP Det starta 4 hundar på jaktanleggsprøve - 1 vart godkjent Det starta 4 hundar på apportprøve - 1 vart godkjent Det vart stilt ut ca. 20 hundar Det var ca. 30 til middag
Her finn du fleire bilder frå spanielhelga. Det er råd å bestille papirkop for dei som ynskjer det.
Sporprøven i Luster 3-4 juni Det var påmeldt 21 hundar kvar dag - men ein hund var trekt før trekking av spor. Det vert lagt 12 spor kvar dag + reservespor. 1. reservehund får gå reservesporet, dersom dette ikkje blir brukt. Av dei 21 hundane som er påmeldt var det 13 springere, 1 cocker, 3 labradorer og 4 dachsar og hundane bur i kommunen, i fylket, i Hordaland, i Oslo og i Sverige. Reservesporet vart ikkje brukt som reservespor, så reservehunden fekk gå begge dager. Laurdag var det 7 av 13 hundar som fekk 1. premie, 2 av desse med HP, 2 fekk 2. premie, 1 fekk 3. premie og ein braut undervegs.
Søndag var forholda endå betre, virka det som. Heile 10 av 13 hundar fekk 1. premie, 2 av desse med HP, og dei tre andre fekk 2. premie.

Premieliste laurdag: (PS - poengsummen bak er heilt uoffesiell og vart brukt berre for å rangere dei beste hundane!)
Prøvens beste hund med HP: NVCH Desperados Rochelle (springer) til Inger Handegård (60p) Nr. 2 med HP: Desperados Tingeling (springer) til Elin Anita Gjerde (54p) Nr. 3 og 1. pr: Desperados Titicaca (springer) til Gunnar Kvammen (49 p) Nr. 4 og 1. pr: Ashanti (langh dvergdachs) ført av Gunvor Irene Haugen (48p) Nr. 5 og 1. pr: NUCH NVCH Snoopy (langh dv.dachs) til Siri Blendheim (47p) Nr. 5 og 1. pr: NVCH Desperados Qandis (springer) ført av A. Otterhjell (47p) Nr. 7 og 1. pr: Miniris Lisa Doolittle (labr) til Anne Kirsti Bjørke (45p) 2. pr: Excellent Janka (labrador) til Anne Katrine Bøyum 2. pr: Irta's Canine Maxi (labrador) til Rune Lie Veum 2. pr: Astrosprings Io (springer) til Einar Ese

Premieliste søndag:
Prøvens beste hund med HP: Urja's Frøken Embla (springer) ført av Rune Torgersen (60p) Nr. 2 med HP: Desperados Qellie (springer) til Vigdis Vigdal (56p) Nr. 3 og 1. pr: NUCH NVCH Snoopy (langh dv.dachs) til Siri Blendheim (50p) Nr. 4 og 1. pr: Desperados Tingeling (springer) til Elin Anita Gjerde (49p) Nr. 5 og 1. pr: Miniris Lisa Doolittle (labr) til Anne Kirsti Bjørke (48p) Nr. 6 og 1. pr: Geltman's Aristoteles (springer) til Kari Vevatne (46p) Nr. 7 og 1. pr: Astrosprings Io (springer) til Einar Ese (45p) Nr. 8 og 1. pr: Desperados Titicaca (springer) til Gunnar Kvammen (44 p) Nr. 8 og 1. pr: SVCH Perchwater Sweet Summer Rain (cocker) til Ingvar Hansson (44 p) Nr. 8 og 1. pr: Freetains Macindy Bozina (springer) til Ernst Inge Brugrand (44p) 2. pr: Excellent Janka (labrador) til Anne Katrine Bøyum 2. pr: NVCH Desperados Ricola (springer) til Marian J Nossen 2. pr: NVCH Desperados Rochelle (springer) til Inger Handegård
Førdeutstillinga Stor oppslutnad frå spanielfolket om utstillinga i Naustad 29 april Det var påmeldt 14 vaksne springere, 4 amerikanere, 11 cockere og 1 welsh. I tillegg nokre amerikaner, cocker og ein welsh kvelp. Ein springer frå Bergen vart BIS, men det var også fleire gode resultat til hundar frå fylket.
2006 er det på nytt spanielhelg, men denne gong i Førde. Det er jaktanleggsprøve, apportrpøve, det er offesiell sporprøve i Askvoll, det er uoffisiell utstilling og middag om kvelden.
Etter dette har ikkje avdeling Sogn og Fjordane hatt nokre nye, store sprell. Avdelinga arrangerer årleg fleire sporprøvar, bevegelege jaktanleggsprøvar og apportprøvar og har hatt nokre mindre samlingar og kurs. |